12
.
06
2017

Lærarar og assistentar ved Stette Montessoriskule på skulebenken

Dei ansatte ved skulen skal før somaren og tidleg haust gjennom eit kursprogram som inneheld 8 studiedagar, programmet heiter AART.

AART (Aggression Replacement Training) er trening av born og unge sin sosiale, emosjonelle og relasjonelle kompetanse. AART er undervisningsopplegg for å auke sosial kompetanse og redusera åtferdsvanskar hjå barn, ungdom og vaksne.

Programmet består av 3 tema; Sosial ferdighetstrening, sinnekontrolltrening og moralsk resoneringstrening. Føremålet med programmet er å læra barn og unge å kopla tankar og kjensler på konkrete ferdigheter og handlingar, og å reflektera rundt dette.

Ynskte resultat er at borna vert ofte flinkare til å jobbe saman, flinkare til å beherska seg sjølv i stressande situasjonar og åtferdsproblem vert redusert.

AART rettar seg ikkje berre mot dei borna med tydelege behov for sosial kompetansetrening. Born med stor grad av sosial, emosjonell og relasjonell kompetanse kan ha stor nytte av AART.

Programmet gjer at ein vert betre kjent med deg sjølv og eigne tankar, kjensler og haldningar. Man øver på å setja seg inn i det same undervisningsopplegget som borna skal gjennom med "hands-on" trening, og får førsteperson-kjennskap til metoden. Dette inneber at vi som vaksne må ta stilling til eigne tankar, kjensler, haldningar og reaksjonsmønster for å kunna formidla det vidare på ein god og trygg måte.

Fleire nyheiter