07
.
03
2022

Ledige stillingar

Ledig stilling ved Stette Montessoriskule

Frå 1. august 2022 søker vi etter:

100% fast stilling - Spesialpedagog

100% fast stilling - Montessorilærar  

100% fast stilling - Lærarassistent

Stette Friskule er ein privat grunnskule frå 1.-7. trinn. Pedagogikken er basert på Maria Montessori sine idear kring læring og utviking. Det er ein spennande tid for oss på Stette. Utbygging av skulen er i sluttfasen og mange prosjekt er i startgropa. Her kan vi by på ein arbeidsplass der vi bryr oss om kvarandre, og der trivsel, fellesskap og læring står sentralt.

Vi er interessert i å høyre frå deg om:

·       du bidreg til eit positivt miljø

·       du er fleksibel og impulsiv

·       du er god til å sjå kvar enkelt elev

·       du er sjølvstendig og arbeidsam

·       du har gode samarbeidsevner

·       du viser eit stort engasjement innanfor den stillinga som du søker på

·       du er glad i å le og ha det trivelig med folk rundt deg

·       du vil vere med å utvikle skulen vår for framtida

Vi ønsker at du skal vere kvalifisert for den stillinga du søkjer på. Personlege eigenskapar vektleggjast.

Vi kan tilby

·       Gode lønn og arbeidsforhold

·       Medlemskap i KLP

·       Eit inkluderande arbeidsmiljø med kvardagskrydder året rundt.

·       Ei herleg, frisk, positiv og leikenelevgruppe.

·       Engasjerte føresette

Aktuelle kandidatar vil kallast inn til intervju.

For meir informasjon: Ta kontakt med rektor Frode Jørgenvåg på tlf. 92 02 98 17

SØKNADSFRIST:  14.03.2022

Søknad og CV sendes til: Stette Friskule, Bjønnaberget 9,6260 Skodje

eller post@stettefriskule.no

 

Fleire nyheiter