Fram mot skulestart bruker personalet dagane godt til å førebu seg til eit nytt skuleår.
På dei fyrste to dagane hadde vi besøk av dyktige Sarah Kennedy-Berge frå Waterpark Montessori International college. Ho gav oss mange nyttige tips og idear til det pedagogiske arbeidet.