Stette Montessoriskule er open frå 07.15 til 16.45 på alle kvardagar. Før og etter vanleg skuletid er det tilbod om SFO for dei som går i 1.- 4.trinn . SFO følgjer skuleruta.
Ålesund kommune har ansvaret for skuleskyss. Dei av elevane som bur meir enn 4 kilometer frå skule eller som har farleg skuleveg har rett på skuleskyss.
Gi beskjed til rektor om du meiner at barnet ditt har behov for skuleskyss.
Helsesjukepleiar Ragnhild Kaldhussæter brukar å ha faste dagar innom oss på skulen.
Ho er elles å treffe på helsestasjon v/gamle Skodje Rådhus.
Måndag til fredag 08.00 - 16.00.
Telefon (sentralbord): 70 24 40 60
Utdanningsdirektoratet har laga ein nettstad om mobbing. På nettstaden http://www.nullmobbing.no finn barn, unge og foreldre informasjon og råd om mobbing, og rettar i samband med det.