Om oss

Litt om oss

Stette Montessoriskule vart etablert i 2016 og er ein privatskule lokalisert i Stettebygda i Skodje Kommune. 

Det er 6 lærarar, 4 assistentar og 1 reinhaldar tilsett på skulen. Skulen har elevar frå 1.-7. trinn samt SFO-tilbod. Skuleåret 2018/2019 vert det 62 elevar, der dei fleste er frå Stette skulekrins. 

  • Småskulen: 1.-2. trinn. 20 elevar
  • Mellomtrinn: 3.-4. trinn. 14 elevar
  • Storskulen: 5.-7. trinn. 28 elevar

Eit pedagogisk alternativ

På Stette Montessoriskole får elevane oppleve ein pedagogikk som er basert på Maria Montessori sine idear om læring og utvikling. Montessoripedagogikken har som mål at borna skal få utvikle seg i sitt eiga tempo og kunne vokse ut i frå eigne føresetnader. Eit av prinsippene for personalet er å hjelpe bornet til å hjelpe seg sjølv, ved å leggje vekt på utvikling av sjølvstende, sjølvkontroll, sjølvtillit og konsentrasjon. Montessoripedagogikken bidreg til at bornet sjølv søkjer og mottek kunnskap, slik at dei held entusiasmen til det å lære.

«Å hjelpe livet til å utvikle seg selv. Dette er den grunnleggende oppgaven til en oppdrager»

(Maria Montessori)

Viktige prinsipp i Montessoripedagogikken er:

  • Eleven har glede av å lære i eige tempo.
  • Læring er aktivitet og tek utgangspunkt i kva elevane er interessert i til einkvar tid.
  • Fridom under ansvar og uforstyrrande arbeidsøkter.
  • Det førebuande miljø; møblering og tilgang til læremateriell
  • Materiellet som stimulerer sansane, og er basert på hjernen si mest effektive måte å
tilegne seg kunnskap på.
  • Læraren si rolle som legg tilrette, observatør og veileder.
  • Læring føregjeng i et samspel med det liv som bornet lever utanfør skuletid.

Skulen følgjer Opplæringslova, Friskoleloven, alle nasjonale kartleggingsprøvar, læreplanmål og andre nasjonale minstestandardar.

Arbeidsdagen

Arbeidsdagen er delt i to arbeidsøkter. Førmiddagsøkta er frå kl. 08.30 til kl. 11.30. Elevane èt lunsj kl 11.30. Etter lunsj har elevane pause fram til kl. 12.50. Siste arbeidsøkt er frå kl. 12.50 til kl 15.00. Økta nyttes gjerne til praktisk aktivitet som forming, kroppsøving, musikk og ulike prosjekt.

Skulelunsj og frukt

Elevane får tilgang til frukt kvar dag. Frukta serveres under første arbeidsøkt ca. kl. 10.00. Elevane lagar til, serverer og rydder sjølv. Elevane bytter på å vere kjøkkenassistent. Minst ein dag i veka har vi fellesmåltid.   

Nærområdet

Skulen ligg i eit miljø som er prega av fjord, fjell, skog og mark. Dette gjenspeiles i kvardagen då skulen nytte seg av dei ressursane naturen har å by på. Dette gjeld både i matvegen og som turområdet.  

Opningstider

Stette Montessoriskule er open frå  07:15 til 16:45 alle kvardagar. Skulen starter kl. 08:30 og avsluttar kl. 1500. Før og etter skuletid er det tilbod om SFO. Skulen følgjer skuleruta som fylkesmannen har fastsatt kvart år.

Skulepengar

Skulepengane er kr 450,- pr. månad i 11 månader pr. år. Dette inkluderer fruktmåltid, mjølk og fellesmåltid. Det blir gitt søskenmoderasjon etter fastsette kriterier i vedtektene.

Sfo kostar kr.1250,- pr. månad(38 veke) i 11 månader pr. år, og kr.1750,- pr. månad(44 veke). Dette inkluderer drikke og noko mat gjennom veka. Det blir gitt søskenmoderasjon etter fastsette kriterier i vedtektene.   

Rektor
Frode Jørgenvåg
Lærarar
Maria Helene Dokk
Eva Anne Ulvestad
Malin Strand
Ingvild Wågsholm
Kontaktlærar 1. trinn
Marie Kjerstad
Kontaktlærar 2. trinn
Marthe Engebretsen
Kontaktlærar 5.-7. trinn
Siv Anita Dyrøy
Kontaktlærar for 3. og 4. trinn
Assistentar
Jeanette Larsen
SFO og assistent 1-3 trinn
Karen Marie Brusdal
SFO og assistent 1.-3. trinn
Anne Merethe Madsen
SFO og assistent 4.-7. trinn
Vikarar
No items found.
Reinhaldar
No items found.
Styreleiar
Bjørn Andre Stavset
Nestleiar
Ragnhild Stette
Styremedlem og referent
Peder Stette
Styremedlemmar
Vivian Opdøl
Karianne Helle
Varamedlem
Cicilie Krokå
Økonomi
Siv Torheim

Montessoriprinsipp

Grunnprinsippa i montessoripedagogikken er:

  • Trygghet, delaktighet og oppmuntring til sjølvstende.
  • Eit nøye førebudd miljø.
  • Materiellet, som stimulerer sansane og er basert på den meste effektive måten til hjernen å tileigne seg kunnskap på.
  • Læraren som er rettleiar og inspirator.
  • Individualisering, fridom under ansvar og uforstyrrande arbeidssykluser.  

Ein Montessoripedagog

  • Er ein modell for åtferd og etikk.
  • Tek hovudansvaret for balansen mellom individuell utfoldelse og fellesskap i klasserommet.
  • Er bindeleddet mellom skulen og heimen.
  • Stiller høge krav til dei personlege ansvara til eleven og åtferd overfor miljøet og medmenneske.
  • Leiar eleven i utforskinga av nærmiljøet og den vide verda for å byggja opp forståinga av    Mennesket i Verdssamfunnet.
  • Rettleier eleven i val av aktivitetar og deira personlege og sosiale utvikling.
  • Inspirerer til størst mogleg innsats

Det tilrettelagde miljøet

I ein Montessoriklasse er målet å skape eit miljø tilpassa behovet til barnet på dei ulike alderstrinna. I klasserommet er det orden. Det gjev barnet fridom til å lære utan at fridomen går ut over andre sine rettar. Mengda læremateriell er avgrensa og skal vere reint, pent og heilt. Barnet lærer omsorg for miljøet, respekt for andre, tolmod og kva eit ansvarleg val inneber. Klasserommet vert «huset til borna» både fordi det tener behovet deira og fordi dei tek vare på det. Læraren tilrettelegg miljøet for individuell utvikling etter evne og interesse. Barnet må sette materiell og reiskap på bestemde plassar i klasserommet og elevane kan røre seg i klasserommet når dei har behov for det. I dei fleste tilfella føretrekk vi individuell og smågruppepresentasjoner framfor å undervise heile klassen på ein gong.

Fridom

Fridom er sentralt i montessoripedagogikken. Eleven får fridom til sjølv å velje arbeidsoppgåver og har fridom til å handle innanfor klare grenser i eit nøye tilrettelagt miljø. Eleven får velje emne, arbeidsoppgåver og kor lenge dei vil jobbe med oppgåva. Eleven vel sjølv om det vil arbeide åleine eller saman med nokon. Eleven ikkje berre får, men bør snakke saman om arbeidet sitt. Dei har fridom til å forlate arbeidsplassen og romma når arbeidsoppgåvene krev det. Eleven skal leggje opp arbeidet sitt sjølv, dei skal formulere problemstillingane og planleggje presentasjonen sin. Læraren skal rettleie undervegs

Fridomen skal strukturerast og strekkjer seg til kva eleven skal arbeide med og ikkje om eleven skal arbeida. Innskrenkninger i fridomen består i at eleven ikkje får gjere noko som går utover andre barn. Dette tyder at eleven ikkje får forstyrre andre unødig i arbeidet, ikkje får ta i bruk materiell dei ikkje har vorte presentert for, og viss materiell er oppteke av andre må eleven vente på tur. Eleven har full rørslefridom innanfor gjevne rammer. Slike ramme er at dei ikkje får springe rundt, men må gå roleg for ikkje å forstyrre andre unødig. 

Respekt

Respekt for eleven er viktig. Eleven skal ikkje rettast på og bli kritisert på ein respektlaus måte. Eleven forstår at læraren har tillit til dei når læraren først introduserer dei for noko interessant og deretter trekkjer seg tilbake. Dei forstår at læraren respekterer dei når læraren ikkje avbryt dei i arbeidet, når dei får fridom og når læraren gleder seg over dei framstega og oppdagingane eleven gjer.